Skip to Content

Fjordcruise og fossefallsafari i Hardanger

Bestill nå! FJORDCRUISE OG FOSSEFALLSAFARI I HARDANGER

Fjordcruise og fossefallsafarien tek deg rett inn i hjarta av Hardanger. Om bord i vår
komfortable, opne RIB får du nærkontakt med dette verdskjende fjordområdet med
fossar forma av erosjon og smeltande is for tusenvis av år sidan. Etter å ha kryssa
den majestetiske Hardangerfjorden tek fartøyet deg opp det ti kilometer lange og
tronge Fyksesundet til Botnen. Ei veglaus grend, avsides, endå til etter norsk
standard. Tusen meter høge fjell stuper direkte i sjøen. Fyksesundet med fossar og
stupbratte fjellsider gløymer du ikkje.

Rute: Norheimsund-Aksnes-Herand-Fyksesund-BotnagrendKvamsøy-Norheimsund

Aldersgrense: 5 år

Vi har tørr og varm garderobe med verdiskap og bagasjerom, tolaett og dusjanlegg. 

Korrespondanse frå Bergen: Rutebuss nummer 925 frå terminal O, Bergen Busstasjon

Back to top